Skip to Content

Opning av tur- og lysløypa på Hagafoss

Kjære alle saman.

På vegner av Hol idrettslag vil eg ønskje dikko hjarteleg velkomne til opninga av tur- og lysløypa vår på Hagafoss.

Så kjekt å sjå at så mange har møtt opp!

Me er stolte av det vi har fått til her.

Løypa vart opna heilt tilbake i 1973, og for oss har det vore viktig å ta vare på både løypa, historia og arbeidet som er lagt ned her gjennom meir enn 50 år.

Men dette handlar ikkje berre om å ta vare på det som har vore.

Det handlar også om å skape noko for framtida.

Ein stad der barn, unge, vaksne og eldre kan kome seg ut.
Vere i aktivitet.
Og vere saman.

Det er kanskje det viktigaste med heile prosjektet.
 

I tillegg til å rehabilitere den gamle lysløypa har me ferdigstilt ei to kilometer lang sløyfe som faktisk var planlagd i si tid, men som aldri vart bygd.

No er ho endeleg på plass.

Og dermed har vi ein fem kilometer lang heilårs turveg som me håpar blir brukt mykje, av mange, både sommar og vinter.

Men dette hadde me aldri fått til uten

Positive grunneigarar, som har vore heilt avgjerande. Og ikkje minst har frivillige brukt fritida si på å hogge, kviste, kappe, bere, rydde traseen, planlegge og søke. 

Det er vanskeleg å nemne nokon utan å nemne alle.

Så eg vil rett og slett seie:

Tusen takk til alle saman!
 

Vi vil òg rette ein stor takk til hovudentreprenøren Bjella & Medgard og samarbeidspartnarane deira for godt samarbeid og godt utført arbeid.

Det har blitt fantastisk!

Som ein liten takk ønskjer me å gi dykk eit gåvekort hos Trovatelli her på Hagafoss.

Vi vil òg nytte høvet til å takke Oddvar Berg og Åsmund Vindegg.

Dei har gjennom mange år lagt ned svært mange dugnadstimar med løypekøyring, og no gir dei stafettpinnen vidare.

Tusen takk for innsatsen gjennom alle desse åra!

Og når vi først er så mange samla her, må vi òg gjere litt ekstra stas på Henrik, som deltok i OL i Italia i februar.

Henrik, vi er stolte av deg.

Og vi synest det er kjempeflott at du tek deg tid til dei yngre når du har mulighet til det. Slike førebilete betyr mykje i eit lite idrettslag.

No står ein ny sesong for døra, og vi vil derfor dele ut årets treningsstipend.

30 000 kroner frå Hol IL.

Vi håpar det kjem godt med, og ønskjer deg masse lykke til med sesongen!

Så må vi sjølvsagt takke dei som har vore med på å finansiere prosjektet:

Grønt lys i idretten ved Viken idrettskrets,
Hallingplast,
Hol kommune,
Lysløypas venner Hagafoss,
Buskerud fylkeskommune,
Sparebankstiftelsen DNB,
Skuestiftelsen
og Sparebankstiftelsen Hallingdal.

Tusen takk for at de har vore med og gjort dette mogleg.

 Sparebankstiftelsen har lyst til å si noen ord så værse god. 

Og no nærmar vi oss det dei fleste kanskje har venta på.

Om litt skal de få kome dykk ut i løypa.

Her finn de fire postar i TurOHighFive og 20 naturstipostar, og det er fleire premiar å vinne.

Kiwi Hagafoss har sørga for smoothie til barna når dei kjem i mål. Det blir lett servering ved Trekanthytta.

Og ikkje minst:

Det blir kake i mål!

Men før vi slepper dykk av garde, må vi sjølvsagt opne løypa skikkeleg.

Denne løypa har vore ein del av tur og idrettsmiljøet på Hagafoss i over 50 år.

Mange har trena her.
Mange har lagt ned dugnadstimar her.
Og mange har gode minne herfrå.

Derfor synest vi det er ekstra hyggeleg at nokre av dei som var med og sette Hol på skikartet, skal hjelpe oss med snorklippinga i dag. 

Som det blir saget er 

Geir Tufto og Terje Olav Seim tok juniorgull i NM stafett i 1976 og 1977.

Gunnar Haugo var med på stafettlaget i 1977.

Tov Løvstuen og Jørn Gulbrandsen tok stafettgull i junior-NM i skiskyting i 1982.

Og Ole Vestenfor gjorde ein stor innsats for idretten, og spesielt langrennsmiljøet, gjennom mange år. Det er derfor hyggeleg at sonen Einar er her i dag.

På denne måten får vi knytt saman historia vår med framtida til løypa.

Og det er eigentleg det dette prosjektet handlar om.

Å ta vare på det som er skapt før oss, og samtidig leggje til rette for dei som kjem etter oss.

Vi håpar løypa blir brukt mykje.
Av unge og gamle.
Sommar og vinter.
Og i mange, mange år framover.

Då erklærer eg tur- og lysløypa på Hagafoss for opna!

God tur!