Skip to Content

Pressemelding

Folketog for gangveg Brattåker-Djupedalen 21. august blir utsett.

Hol IL, Hovet Grendeutvalg, Hovet Vel, Holet og Moen grendeutvalg, Hol bygdekvinnelag, Hovet bygdekvinnelag, FAU ved Hovet barnehage, Hol barnehage, Hallingskarvet skole samt Hovet og Hol Fritidsklubb utset folketoget for gangveg 21. august.

Me ynskjer at all fokus skal rettast mot alle som er råka av flom og skred. Det er mange som treng hjelp og ressursar til å handtera det ein står i. Detta må vera hovudfokuset ei tid framover for blant anna Hol kommune og Viken fylkeskommune. Når tida er rett vil me halda fram arbeidet med å få på plass gangvegen som vil gi moglegheiter til å ferdast trygt mellom bygdane, på sykkel eller til fots. Dette er viktig ut i frå folkehelse, miljø, trivsel og samfunnsøkonomi.

Nyhetsarkiv